OmCider

Hjelmeland på sitt friskaste

Bilde tatt ovenfra av av folk som plukker epler i en eplegård, med store kasser fyllt med epler

Frå 20.000 tre, sett opp i sirlege system, dyrkar me morellar og eple av ulike sortar. Aller mest norske eple, med mykje syre og sødme, men òg bitrare eple for å balansera produkta.

For bøndene bak OmCider startar det sjølvsagt med dei gode råvarene. Ikkje berre epla. Ser ein litt større på det, er folka som handterer dei også ei av «råvarene», slik òg fjorden og dei høge fjella er – som gir oss kjølig vinter og varm sumar. Perfekte forhold om ein vil laga lokal drykk i verdsklasse.

For det er summen av alle detaljane, kunnskapen, entusiasmen, dei beste eplesortane i rett samansetjing, og dei naturlege føresetnadene me omgjev oss med, som fyller flaskene med epledrykk.

På OmCiders stand kan du kjøpa:

OmCider Valagubben 7,7%

OmCider Flørt 8%

OmCider Odel 8%